Dato
6.august 2017 kl 19.00
Voksne
200,-
Sted
Øykjelykkjesetra- ved Per Gynt seterveg

Billettbestilling: simen.skoe@gmail.com

Segn og musikk “Reolô”

Med Anders Røine, Hans Hulbækmo, Rasmus Kjorstad og Hans P. Kjorstad

Reolô!

Tematikken spinn rundt historie og samtid, sanning og overdriving, natur og overtru. Folkekulturen er full av historier om spelemenn og dansarar som hadde kontakt med dei underjordiske, dei selde sjela si for å bli gode til å spele, eller dei vart besett av musikken og kunne ikkje slutte å spele eller danse. I moderne kontekst vert denne trua på overnaturlege krefter surrealistisk. Transe er velkjend i all verdas musikk, frå den aller tidlegaste musikken og fram til i dag.

Det er tid for transe med Reolô! Sjå fram til suggerande rytmar og repeterande figurar i eit mangefasettert lydlandskap. Bli med inn i eit univers av musikk, lydar, historier og humor. På bestilling frå Jørn Hilme stemnet har Anders Røine (langeleik og gitar), Hans Hulbækmo (slagverk/perk), Rasmus Kjorstad (fele) og Hans P. Kjorstad (fele) laga ein konsert med ny og utforskande folkemusikk.

Bestillingsverket er støtta av Norsk Kulturråd.

Billetter bestillast på e-post: simen.skoe@gmail.com eller kjøpast i døra (viss ikkje utseld). Pris: 200 kronar og bar med øl, vin og kaffi. ”Døra” opnar 18:30, arrangement rundt 19:00. Ta med telt viss du vil overnatte, mogleg med frukost dagen etterpå (sei gjerne ifrå). KUN KONTANTAR.

Les meir her: https://www.facebook.com/events/1842257185801417/?fref=ts